Warning: Creating default object from empty value in /home/B/blaaoslo/subdomener/v2/wp-content/plugins/members/includes/functions.php on line 21
16. SEPT | Litteratur på Blå | Blå

Tirsdag 16. september:

Tirsdager:

30,-/KL. 19:00/ID: 20 år

Litteratur på Blå: Ruth Lillegraven i samtale med Nils-Øivind Haagensen

I Ruth Lillegravens nyaste diktsamling Manilahallen (Tiden Norsk Forlag, 2014) fortel diktaren historia om Birgits liv.

Det er ein biografi i diktform, ei form som lar Lillegraven fortelje om eit liv fylt av smerte, skam, motgang og sjukdom, men også med glede, kjærleik og humor – utan at det kjem for nært innpå livet til ho som er bakgrunnen for verket. Her kan diktaren leike seg med repetisjonar, tid og stad, fortel ho sjølv i eit intervju. For dette er eit liv som er levd også utanfor lyrikken.

Ruth Lillegraven er født i 1978 i Hardanger, og debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. Ho har seinare skrive bildebøker for barn, blant anna bøkene om Mari og Magnus, romanen Mellom oss, og den sterke diktsyklusen Urd, som ho fekk Brageprisen for i 2013. Ein kan sjå fellestrekk mellom Urd og Manilahallen i den biografiske forma, sjølv om kvinnene Seselja og Cecilie i Urd er fiktive.

Det er Ruth si dikting, med nyutgivinga Manilahallen i sentrum,  som vil vere tema for denne kvelden på Blå, der Lillegraven skal samtale med forfattarkollega og kamerat Nils-Øivind Haagensen. Haagensen er sjølv kjent som forfattar (han kjem med eiga diktsamling i haust) og redaktør, og har følgt Ruth sin forfattarskap frå starten.

Billett kjøpes i døra

Kommenter: