Warning: Creating default object from empty value in /home/B/blaaoslo/subdomener/v2/wp-content/plugins/members/includes/functions.php on line 21
17.mars: Jazz på Gølvet | Blå

Lørdag 17. mars:

Ettermiddagskonsert:

100/80,- for stud/KL. 18:00/ID: 18

Jazz på Gølvet matine : Crab is Crap feat.: Håkon Kornstad

to trommiser og en saksofonist

Crab is Crap var opprinnelig tufta på idéen om at det kanskje kunne lagast fin musikk med kun to trommesett..

Resultatet blei veldig varierande; stygt, sangbart, dronete, eksperimentelt, dansbart, i det heile tatt; det meste den musikalske uttrykkspaletten har å by på.

Namnet er henta frå ein uttalelse frå ei gambisk husmor som høglytt proklamerte at krabber det var noko drit.
Bandet består av Øyvind mørk og Øyvind lys, folkeregistrerte som Øyvind Skarbø og Øyvind Hegg-Lunde, lettast adskilt gjennom fargen på hårmanken. Begge er kjende frå ein rekke konstellasjonar innanfor det improviserte landskapet, med utgangspunkt i at alt kan skje, og der normer og reglar vert høfleg og respektfullt oppheva.

For anledninga er Håkon Kornstad med, føregangsfigur i norsk jazz, og ein musiker med internasjonale merittar. Han har dei siste ti åra (minst) vist at det framleis er mogleg å vere ein høgst personleg og original saksofonist.

Crab is Crap er:

Øyvind Skarbø - trommer
Øyvind Hegg-Lunde - trommer
Håkon Kornstad - saxofoner

Billett kjøpes i døra

Video:

Kommenter: