Warning: Creating default object from empty value in /home/B/blaaoslo/subdomener/v2/wp-content/plugins/members/includes/functions.php on line 21
Sidebrok | Blå

Lørdag 13. mars:

150,- + avg./KL. 21:00/ID: 20

Sidebrok - Ekte Menn

supp.: cuckoo

Side Brok bør vel ein no kunne etablere som eit fullblods undergrunns raporkester med framaifrå stamina.

Det har vore utfordrande å overleve på slik ein monaleg by:larm-hype det var tilbake i 2004, og ikkje minst skulle bevise både med oppfølgaralbum nummer ein og to. Ein lyt vel seia det som det er: Side Brok er ikkje eit kritikarrost orkester på album, men ein ting kan ingen ta frå dei; sprit, halløj og legendariske liveshow, samt uforbeholden støtte og glede blant sine trufaste fans.Og fans, det har dei. I alle aldrar, sammfunnslag og kjønn. Bønder, urbanistar, fyllefantar, dagdrivarar, høgt akta akademikarar og ikkje minst musikantar i dei fleste sjangrar. Det er ikkje direkte enkelt å ta del i det surrealistiske universet Side Brok har skapa med sine tekstar og sjangeranarkistiske musikk. Men om ein berre set døra littegrann på gløtt, tek dei heile handa og meir til.

- Då er alle i frå Hovdebygda i Ørsta kommune.

Side Brok er alt anna enn kvardagslege, og kvardagen skal ein gløyme 13 mars på Blå. Då har Side Brok samla eit infanteri av musikarpakk som Noreg sjeldant kan bevitne på same scene, på ein gong.

Dette er makelause saker, folkens. Dette er Side Brok Storband 2010-utgåve.
- Hylstein Rotevatn, Mork, 9 februar

Kjøp billett »

Video:

Video:

Kommenter: