Warning: Creating default object from empty value in /home/B/blaaoslo/subdomener/v2/wp-content/plugins/members/includes/functions.php on line 21
Jan Roar Leikvoll | Blå

Tirsdag 16. mars:

Litteratur på Blå:

30,-/KL. 18:50/ID: 20 År

Jan Roar Leikvoll - Fiolinane

Leikvoll kom i 2008 ut med debutromanen Eit vintereventyr, ei av dei dristigaste, vakraste og mest ubehagelege utgjevingane det året.

Eit vintereventyr viste ein forfattar som virtuoust lot ein prosa gjennomsyra av det fælslege verte oppløfta til poesi gjennom eit formspråk av ei anna verd. Fiolinane er Leikvolls andre roman, og han arbeider også i denne i spenninga mellom det vonde og det vakre.

I samband med at Samlaget gir ut Fiolinane, er det ei stor glede for Litteratur på Blå å kunne invitere til intervju med ein av dei aller mest spennande unge forfattarane vi har. Leikvoll les frå den nye boka, og samtalar med Kyrre Matias Goksøyr.

Billett kjøpes i døra

Kommenter: